58PS01N Emne 4. Dendrologi
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng6
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramArborist
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Studenten får innblikk i arborkulturen si utvikling, korleis tre har vore nytta gjennom historia. Dei skal læra seg å kjenna dei viktigaste treslaga i Norge, med bruksområde og eigenskapar. Studenten skal lære om faktorar det må takast omsyn til, ved val av treslag til ulike grøntområde og kjenne til situasjonar der tre eller enkelte treslag bør unngåast.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten:
- kjenner til arborkulturen si historie og koreleis tre har vore nytta gjennom tidene
- har kunnskap om systematikk og morfologi til systematisering og bestemming av treslag
- skal kunne identifisere ulike treslag
- kjenner til bestemmelsesnøklar for å identifisere treslaga i vintertilstand (vinterdendrologi)
- har kunnskap om bruk av tre som arkitektonisk uttrykk og andre effektar (skjerming, støy, lokalklima etc)
- har kunnskap om tre for betring av helse og miljø
- har kjennskap til emneutval og kva dei ulike treslaga kan nyttast til
Ferdigheter
Kandidaten:
- kan identifisere og namngje 90 ulike treslag ved norsk og vitskapeleg namn
- kan fortelle om hisotrisk utvikling av arborkultur i Norge
- veit om bruk og nytte av ulike treslag
Generell kompetanse
Kandidaten:
- skal kjenne til både viltveksande og planta treslag i Noreg, samt kjenne deira bruksområde, eigenskaper og krav til vekseplass.
Undervisningsformer og aktivitet
Undervisninsgmetode: timane i skule vert fordelt på om lag 60 % teori og 40 % praksis. Øvingar og praktisk arbeid med plantekjennskap vert gjennomført i skule, men det må og påreknast ein del heimearbeid.
Vurdering
- 2 prøver
Avsluttande vurdering i emnet vert sett på grunnlag av prøver. Prøvene vektes likt.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 45 Time(r) | |
Sjølvstudium | 125 Time(r) |
Arbeidskrav
- 2 innlevering
Arbeidskrav må vere bestått for å få avsluttande vurdering
Fagressursar
ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION
Trær i Norge og Europa, til norsk v/ T. Ulshagen og Tannaquil Enzenberger , Damm og Søn AS
Vinterdendrologi, trær og busker om vinteren. Av Sandved, Andersson og Batta, Landbruksforlaget. Finnes som digital bok: https://www.nb.no/nbsok/nb/6c3cd3a6cb3eeb4fb97b1f099afdf96e?lang=no#0
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Arborist