58PS01M Emne 6. Trepleiearbeid

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      24
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Hjeltnes
    • Studieprogram
      Arborist
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Emnet trepleiearbeid utgjer sjølve hovuddelen av det ein arborist arbeider med til dagen, og byggjer på kunnskapen frå dei andre emna.  Her skal studentane lære om alle typar beskjeringsoppdrag, planting, fellingsarbeid, seksjonsfelling, kornesikring osv. Dei skal kunne utføre arbeidet trygt og sikker, basert på god fagleg innsikt og på grunnlag av gjeldande lover og regler.  

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

  • har kunnskap om beskjæring, snitt og ulike beskjæringskategoriar 
  • har kunnskap om fellingsteknikkar
  • har kunnskap om teknikkar nytta ved rigging av tre
  • har kjennskap til metodar for komplisert fellingsarbeid
  • har kunnskap om fysiske krefter ved felling og skjering av tre
  • kjenner til dei viktigaste faremomenta knytta til fellings og oppryddingsarbeid mellom anna stormfelt virke
  • har kunnskap om sikring og kronestablilisering av tre
  • har kunnskap om planting av tre
  • har kjennskap til planting i rotvenleg bærelag
  • kjenner til ulike teknikkar og metodar for flytting av tre
  • har elementær kunnskap om straum og farar ved å arbeide i nærleiken av straumførande leidningar
  • har kjennskap til marksikringsplanar og har kunnskap om sikringstiltak for vern av tre på byggje- og anleggsplassar
  • Har kunnskap om aktuelle lover og føreskrifter som gjeld trepleiefaget
  • har kunnskap om lover og regler som gjelder for arbeid i tre
  • har kunnskap om utstyr brukt til trepleiearbeid og krav til kontroll  
  • har kjennskap til lift, mobilkran, flishuggar og anna spesialutstyr
  • har kunnskap om sikker jobbanalyse og visuell trevurdering for eige arbeid

Ferdigheter

Kandidaten:

  • kan vurdere arbeidet som skal utføres med ein sikker jobb analyse (SJA) og visuell trevurdering frå bakken
  • kan utføre beskjæringssnitt
  • kan vurdere og utføre alle typer beskjæring som kronetynning, kronerensk, kronereduksjon, kronesenking, oppstamming, skjering av frukttre, styving og knutekolling
  • kan utføre oppbyggingsbeskjering
  • kan bruke aktuelt beskjæringsustyr som sakser, håndsager og motorsager
  • kan gjere greie for kva fysiske krefter som gjer seg gjeldane ved fellingsarbeid
  • kan utføre trefelling med val av riktig felleskår
  • kan utføre fellingsarbeid ved hjelp av tau og / eller taljesystem (nedrigging)
  • kan utføre seksjonsfelling
  • kan vurdere behov for linjeryddingstiltak og utføre skjering og fellingsarbeid i samband med linjeryddingsarbeid
  • kan vurdere kvaliteten på plantematerialet
  • kan utføre planting av barrot -, klump- og konteinerplantar
  • kan velje riktig materiale til oppbinding, samt utføre oppbindingsarbeid
  • kan vurdere behov for trebeskyttarar
  • kan vurdere bruk av plantekummar og tregruberistar
  • kan delta i planlegging og førebuing til flytting av tre
  • kan montere statisk og dynamisk kronesikringsutstyr
  • kan utarbeide beskrivingar av dei vanlegaste sikringstiltaka for vern av tre på byggje- og anleggsplassar
  • kan etablere kontrollrutinar for oppfølging av etablerte sikringstiltak av tre ved eit anlegg
  • montere stammebeskytting og beskyttelse som avlaster og / eller verner rotsona
  • kan utføre rotskjering
  • kan foreta nødvendig kontroll og ettersyn av utstyr nytta i trepleiearbeid
  • kan vurdere behov for skjøtsel i etableringsfasen / garantiperioden

 

 

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • finn gode faglege løysingar og kan grunngje dette både fagleg, etisk og i tråd med HMS og gjeldande regelverk
  • kan underbyggje sine faglege vurderingar ved utføring av trepleieoppgåver
  • har god dialog med oppdragsgjevar og andre fagfolk
  • kan nytta dei vanlegaste faguttrykk brukt i arborkultur både på engelsk og norsk
  • kan faget sitt, finn gode løysingar på fagelge utfordringar og kan bidra inn i fagdiskusjonar

Undervisningsformer og aktivitet

Timane i skule vert fordelt på om lag 30 % teori og 70 % praksis. Det vert gjennomført øvingar og praktiske oppgåver knytt til alle typar trepleiearbeid. Den prakstiske oppplæring, samt opplæring i utstyr og teknikkar vert gjennomført i skule i grupper på 3-4 studentar pr praksislærar. Studentane får kvar si studentmappe med mål for praksisopplæringa i skule, som skal følgje studenten eog kryssast av ved gjennomføting. Studentane må i tillegg gjennofmrøa praksis i bedrift for å få meir praktisk øving og vidare utvikling i faget. 

Vurdering

Eksamen

Karakter i emnet vert sett ut frå en praktisk / munnleg eksamen

 

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
180 Time(r)
Deltid
Praksis
300 Time(r)
Deltid
Sjølvstudium
200 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  •         Logg frå praksis i bedrift, totalt 8 veker over 2 skuleår.
  •         Deltaking på praksisdagar og godkjent studentmappe
  •         5 temaprøver
  •        1 emneprøve (praktsk oppgåve over 3 dager) 

Arbeidskrav må vere godkjent for å få sluttvurdering i emnet. 

Fagressursar

ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION

Arborist`s Knots for Climbing & Rigging                   

An Illustrated guide to Pruning, Edward Gilman, 2011, third edition

Documenting Evidens Practical Guidance for Arborists
av Julian A. Dunster (2014, spiralbundet, 54 s)

The art and sciens of practical rigging
av Peter S Donzelli and Sharon J. Lilly (ISA)

Etablering av trær
v/ Ingjerd Solfjeld og Erik Solfjeld. Publikasjon utgitt av Statens vegvesen Vegdirektoratet, ligger på:  

https://vegvesen.brage.unit.no/vegvesen-xmlui/bitstream/handle/11250/2507936/Rapport_Etablering%20av%20trer_web.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Arborist

Emneansvarlig

Andrid Solaas