58PS01L Emne 2. Trebiologi
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng8
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramArborist
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Studenten skal læra om treet sin fysiologi og anatomiske bygnad. Dette dannar grunnlaget for å kunne forstå korleis tre veks og utviklar seg og korleis dei bla.a. responderer på mekaniske skader. Studenten skal læra om treet sin plass i evolusjonshistoria og verte kjend med naturlege vekseplassar for tre. Tre er og eit viktig leveområde for andre organsimar, dette skal og studenten kjenne til.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten:
- har kunnskap om den anatomiske bygningen til tre
- har kunnskap om fysiologiske og kjemiske prosessar (opptak og transport av vatn og næring, celleanding, fotosyntese, hormoner, allelopati, haustfargar) og prosessane sin betyding for vekst og utvikling
- kan definere treet sine livsfasar, forklare treet sin arkitektur, definere treet sitt vekstmønster samt vekst og utvikling gjennom året
- har kunnskap om mykorrhiza og mikrolivet i jorda
- har kunnskap om beskjæring og korleis treet responderer
- har kjennskap til tre som leveområde for andre organismar
- har kunnskap om norsk raudliste for arter, raudliste for naturtypar, fremmedsartsliste og naturmangfaldlova, knytt til tre
Ferdigheter
Kandidaten:
- kan forklare treets ytre og indre bygning
- kan forklare treets vekst og utvikling
- kan grunngje korleis beskjæring påverkar treet
- kan gjere greie for korleis trea byggjer opp eit indre kjemisk og anatomisk forsvar mot råtedannande mikroorganismar, slik det er forklart ut frå BARIT-modellen (CODIT)
- kan forklare formålet med raudliste og fremmedartsliste
- kan bruke og forstå naturmangfoldlova i sitt virke
- kan forklare sammenheng mellom tre og andre organismer
Generell kompetanse
kandidaten:
- kan bruke trebiologien som fagleg grunnlag for å planlegge trepleiearbeid
Vurdering
Karakter i emnet vert sett på grunnlag av ein avsluttande emneprøve
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 82 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 145 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- 4 oppgåver / prøver / innleveringar
Arbeidskrava skal vere godkjent for å få sluttvurdering i emnet.
Fagressursar
ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION
Moderen arborisculture
av Dr Alex Shigo (1991, opptrykk 2008)
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Arborist
Emneansvarlig
Andrid Solaas