58PS01K Emne 1. Klatreteknikk
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng8
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramArborist
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
I klatreteknikk skal studenten verte kjend med utstyret som vert nytta og lære å velgje og bruke høveleg og godkjent utstyr. Studenten skal læra klatreteknikk for å kunna klatre sikkert og effektivt, samt etablere gode arbeidsposisjonar i tre.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten :
- har kunnskap om og kan velje relevant personleg klatreutstyr og verneutstyr.
- kjenner til krav og spesifikasjonar som vert stilt til aktuelt utstyr og kan føreta nødvendig kontroll og ettersyn av dette.
- har kunnskap om ulike taukvalitetars oppbygging, eigenskapar og bruksområde.
- har kunnskap om lover og forskrifter som påverkar arbeid med/ i tre
- kan engelske fagutrykk for utstyr innan klatreteknikk
Ferdigheter
Kandidaten:
- behersker obligatoriske knutar.
- kan sikre arbeidsområdet på ein forsvarleg og forskriftsmessig måte
- kan vurdere arbeidet med ein sikker jobbanalyse (SJA) og visuell trevurdering frå bakken
- kan etablere sikkert toppfeste ved hjelp av kasteline og kambiumsaver.
- behersker oppstiging ved hjelp av hoftestøytteknikk, MRS (moving rope system), SRS (static rope system).
- behersker oppstiging i treet ved hjelp av klatresporar / spikes og kortstropp.
- kan bevege seg fritt og arbeide sikkert i trekruna ved hjelp av tau og klatresele som sikringsutstyr.
- kan organisere og utføre redning av skada person ved hjelp av nedfiring frå trekruner, samt utføre fyrstehjelp.
- kan gjere greie for kva fysiske krefter som gjer seg gjeldande ved klatring og arbeid i tre.
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan bruke utstyr og teknikker til å utføre arbeidsoppgaver innan arborkultur og i tråd med gjeldande reglar og med fokus på helse, miljø og tryggleik.
Undervisningsformer og aktivitet
Det vert teorietisk og praktisk opplæring i emnet. Det vert jobba praktisk i grupper på 3-4 studentar pr praksislærar. Studentane får kvar si studentmappe med mål for praksisopplæringa i skule og kryssa av når oppæringa er gjennomført. Det studentane lærer i skulen, må dei praktisere vidare i bedrift, med oppfølging av ansvarleg i bedrift. Studentane skal ha 3 veker praksis i bedrift, for å utvikle dei praktiske ferdighetene i emnet.
Opplæring i klatreteknikk vert lagt tidlig i studiet, då klatreteknikk dannar grunnlaget for mykje av dei praktiske arbeidsoppgåvene innan trepleiefaget. Det vert likevel ikkje avslutt før siste semester, fordi studentane skal få mulighet til å utvikle seg fagleg i klatretknikk, gjennom heile studiet.
Vurdering
- 4 klatretestar
Vektingen av testene:
Test 1 - 10 %
Test 2 - 10 %
Test 3 - 20 %
Test 4 - 60 %
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 72 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 43 Time(r) | Deltid |
Praksis | 112 | Deltid |
Arbeidskrav
- delta på praksisdagar på samlingar - godkjent studentmappe
- logg frå 3 praksisveker i bedrift
- 2 redningsøvingar
- knutetestar og utstyrssjekk
Arbeidskrav må vere godkjent for å få sluttvurdering i emnet.
Fagressursar
ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION
Arborist`s Knots for Climbing & Rigging
Documenting Evidens Practical Guidance for Arborists
av Julian A. Dunster (2014, spiralbundet, 54 s)
The tree climber`s companion (2nd edition)
av Jeff Jepson (2000, opptrykk 2013)
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Arborist