00TM05C M Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Maritime Fag
    • Studiepoeng
      19
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Måløy
    • Studieprogram
      Dekksoffiser på leiingsnivå Måløy
    • Startsemester
      2023 Vår

Om emnet

·         5 sp. Nasjonalt og internasjonalt regelverk for skipsfarten, sikkerheit og vern av det marine miljø

·         11 sp. Organisering og mannskapsleiing for skipsfarten

·         3 sp. Økonomi og rederidrift

·         VSO – Videregående Sikkerheits Opplæring (køyrast som eige kurs)

·         Kurs medisinsk behandling

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

·         Har kunnskap om nasjonale og internasjonale krav om sikkerheit til sjøs og vern av det marine miljøet.

·         Har kunnskap om å oppretthalde sikkerheit og tryggleiken for skip, mannskap og passasjerar og sørgje for driftsklar tilstand til redningsutstyr.

·         Har kjennskap til reglane som gjeld redningsreiskapar (SOLAS).

·         Har kjennskap til organisering og mannskapsleiing.

·         Har kunnskap i maritim økonomi, administrasjon, leiing og drift av reiarlag.

Ferdigheter

Studenten:

·         kan reflektere over eigne val av tiltak for å ivareta tryggleiken til sjøs og vern av det marine miljøet.

·         kan vise til gjeldande reglar og krav til organisering av brann- og redningsøvingar, vedlikehald av redningsutstyr, tiltak for å beskytte og trygge alle personar om bord i nødssituasjonar og tiltak for å avgrense skade og berge skipet etter ein brann, eksplosjon, kollisjon eller grunnstøyting.

·         kan reflektere over eigen organisering og mannskapsleiing og justere denne under rettleiing.

·         kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for god forståing av moderne drift av reiarlag.

Generell kompetanse

Studenten:

·         Kan planlegge, lede og gjennomføre operasjonar på eige hand og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer innan maritime miljø.

·         Kan bidra til å utvikle heilheit økonomi, administrasjon, leiing og rederidrift innan maritim sektor.

·         Kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå maritime miljø, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis.

Undervisningsformer og aktivitet

Førelesningar og framføringar

Oppgåveløysing og eigenstudium

Diskusjonar og gruppeoppgåver

Demonstrasjonar og videoar

Vurdering

Grunnlaget for avsluttande vurdering i emne omfattar elementa:

·         Vurdering av arbeidskrava, uttrykt som ein emnekarakter.

·         Eksamenskarakteren.

 

Emnekarakter og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter på vitnemål

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Organisert pedagogisk aktivitet
313,5 Time(r)
Sjølvstudium
224,5 Time(r)

Arbeidskrav

4 stk. arbeidskrav per studieår, som kvar tel 12,5 %

Arbeidskrav 1: Hindring av forurensing

Arbeidskrav 2: Regelverk

Arbeidskrav 3: Sikkerhet- og terrorberedskap

Arbeidskrav 4: Ledelse

Arbeidskrav 5: Konflikthåndtering

Arbeidskrav 6: Sikkerhet

Arbeidskrav 7: Krisehåndtering

Arbeidskrav 8: Prøveeksamen

Alle arbeidskrav skal være bestått for å få gå opp til eksamen.

Fagressursar

  • Kompendium
  • Sjørett og økonomi, Per Aasmundseth
  • Sjørett og økonomi, oppgåvesamling, Per Aasmundseth
  • Organisasjon og ledelse, Mette Holan og Per Høiseth
  • Økonomistyring, Mette Holan og Per Høiseth
  • Fartøyleiing og kontroll av skipets drift, Odd Jarl Borch
  • K33: Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord, Rolf Hagerupsen

Emneansvarlig

Lars Sigurd Berle
Einar Folkestad