00TM01N Fysikk på leiingsnivå - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeMaritime Fag
 - Studiepoeng3
 - StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
 - StudiestadMåløy
 - StudieprogramDekksoffiser på leiingsnivå Måløy
 - Startsemester2026 Haust
 
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- Har kunnskap om omgrep og fysiske lover i statikk for å analysere krefter som påverkar ein lekam for å kunne sikre last og skip under forskjellige forhold.
 - Har kunnskap om varmelære for å kunne berekne fysiske endringar på eit stoff i fast og flytende form.
 - Ha kunnskap om dynamisk trykk og oppdrift i fluida.
 - Ha innsikt i dei relevante fysiske lovene som kjem til anvende om bord i eit skip.
 - Kan vurdere eigne berekningar i forhold til de fysiske lover.
 
Ferdigheiter
Studenten
- Kan gjøre reie for sine faglige val basert på dei tileigna kunnskapar innan fysikk.
 - Kunne reflektere over eigen faglig utføring basert på kunnskapar innan fysikk.
 
Generell kompetanse
Studenten:
Kan utføre arbeidet etter behova som oppstår om bord i skip med grunnlag av tileigna kunnskapar og ferdigheter i fysikk.
Undervisningsformar og aktivitetar
Forelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing. Studentane arbeider sjølvstendig eller i grupper med oppgåvene, der læraren er tilgjengeleg for rettleiing ved kontakt.
Vurdering
Grunnlaget for avsluttande vurdering i eit emne omfattar elementa:
- 2 prøvar i emnet, uttrykt som ein samla karakter.
 - 4 timers skriftlig eksamen (trekkfag)
 
Samlet karakter på prøvane og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter på vitnemål
Karakter på vitnemålet vert sett etter tabell for vekting av karakterer i denne studieplanen
Dersom ein ikkje vert trekt opp i eksamen vil samla karakteren underveis utgjere sluttvurderinga.
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar | 
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer  | 50 Tima(r)  | Heiltid  | ||
Eigenstyrt aktivitet  | 35 Tima(r)  | Heiltid  | 
Obligatoriske læringsaktivitetar
3 stk. arbeidskrav: Innleveringer med påfølgande prøver
Krav om minimum 80% frammøte.
Litteratur- og utstyrsliste
Rom Stoff Tid Forkurs : Arne Auen Grimnes, Per Jerstad; Bjørn Sletbak