00TE01H AUT Hovudprosjekt - 2028 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Industriell automasjon
    • Startsemester
      2028 Haust

Om emnet

Hovudprosjekt er det avsluttande emnet i fagskuleutdanninga og blir gjennomført i siste studieår. 

Hovudprosjektoppgåva skal vere praksisretta og knytta til eitt eller fleire emne i utdanninga. Studenten skal gjennom prosjektarbeidet vise refleksjon, praktiske og teoretiske ferdigheiter. 

Arbeidet blir utført i grupper og kan vere eit samarbeid med ein oppdragsgivar. 

For gjennomføring av hovudprosjekt viser vi til dokumentet «Retningslinjer for hovedprosjekt, studieretning elektro» som gir føringar og krav til gjennomføring. 

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit prosjekt i samarbeid med en oppdragsgivar
  • har kunnskap om omgrep, teoriar modellar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor fagfeltet

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan innhente, vurdere og referere informasjon på ein kritisk og reflektert måte
  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
  • kan planleggje, gjennomføre, dokumentere og formidle resultat frå eit prosjektarbeid på ein systematisk og yrkesfagleg måte.

Generell kompetanse

Ved fullført utdanning skal studenten

  • kunne bruke erfaringar, kunnskapar, ferdigheitar og haldningar i prosjektarbeid.
  • kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjektarbeid i tråd med gjeldande krav og retningslinjer

Undervisningsformar og aktivitetar

For gjennomføring av hovudprosjekt viser vi til dokumentet «Retningslinjer for hovedprosjekt, studieretning elektro» som gir føringar og krav til gjennomføring.

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta tid er timane som ligg i timeplanen. For deltidsstudiet er timeplanfesta tid timane på timeplanen på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør leggje ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer blant anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og eventuelle timar med lærar etter nærmare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudie i form av forbereding til timar, lese fagstoff osv.

Timane som er timeplanfesta er eit utgangspunkt, og timar kan bli overførte mellom emne på bakgrunn av klassen sine behov og etter ei nærmare pedagogisk vurdering.

Vurdering

Prosjektrapport med justerande munnleg høyring, jf. «Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland» og «Retningslinjer for hovedprosjekt studieretning elektro».

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Hovudprosjekt
Sensortype
Ekstern sensor
Karakterskala
A-F
Innleveringssemester
Andre semester
Gruppering
Gruppe/Individuell
Vurderingsform
Justerande munnleg høyring
Sensortype
Ekstern sensor
Karakterskala
A-F
Innleveringssemester
Andre semester
Gruppering
Gruppe/Individuell

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timer
124 Tima(r)
Heiltid
Eigenstyrt aktivitet
168 Tima(r)
Heiltid
Timeplanfesta timer
45 Tima(r)
Deltid
Eigenstyrt aktivitet
246 Tima(r)
Deltid

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Hovudprosjektsøknad
Undervegspresentasjon
Vitnemålstekst

Emneansvarleg

Bjørnar Seim-Tvilde
Suman Mishra
Ingvald Eilert Byrknes