00TE01G Reguleringstekniske system

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      15
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Automatisering Nordnes
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

·         Praktisk regulering

·         Datainnsamling og Instrumentering

·       Fagleg leiing

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har kunnskap om:

·         metodar for systemskildring basert på fundamentalanalyse

·         metode for signalbasert systemskildring av standardsystem

·         regulering av system.

·         dataverktøy for datainnsamling, simulering og modellering

·         tilpassing av system for lineær respons

·         prosjektplanlegging, prosjektstyring, prosjektstyringsverktøy og prosjektøkonomi

·         leiing av fleirkulturelle team

·         etikk for leiing

·         arbeidsmiljø og HMS

·         bedrifta som ein helsefremjande arbeidsplass

Ferdigheter

Studenten:

·         kan forklara kva parametrar som beskriv første ordens system

·         kan gjera greie for og nytta praktiske metodar for innstilling av en PID-regulator

·         kan bruke dataverktøy for å berekna og laga sine eigne krinsar for måling og kalibrering av vanlege fysiske storleiker

·         kan laga eigne program for måling, berekning og simulering av regulerte system og dokumenterer resultatet i rapportform

·         kan lage programmer for kontroll og måling

·         kan anvende verktøy og metodar for planlegging av eit prosjekts aktivitetar, ressursar osb

·         ha utøvande ferdigheiter på eit operasjonelt prosjekterings- og driftsnivå

Generell kompetanse

Studenten:

·         kan kjenna igjen fellestrekk ved ulike fysiske system

·         kan planleggja og gjennomføra ei regulering av eit ukjent system

·         kan konstruera eit instrumenteringssystem for standardstorleikar

·         kan leia og arbeida i team

·        kan prosjektleiing

Undervisningsformer og aktivitet

Studieplanen er grunnlag for all undervisning.

Undervisninga baserer seg i stor grad på lærebøker, forelesningar, og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing. I tillegg blir det brukt videoar relaterte til aktuelt lærestoff og viss relevant, blir det gjennomført laboratorieøvelsar.

For nettstøtta utdanning vil det gjennomførast nettbasert undervisning i form av nettbaserte forelesningar med videosnuttar / opptak av forelesningar / undervisningsunderlag som blir lagt ut

på læringsplattforma, webkonferansar, rettleiing og annan aktivitet på nett, og dessutan nettsamlingar

Vurdering

Skriftlig prøve

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
249 Time(r)
Sjølvstudium
189 Time(r)

Arbeidskrav

8 Arbeidskrav

Fagressursar

Litteraturliste Reguleringstekniske system

Forelesningsnotater og kompendier fra lærer

Emneansvarlig

Suman Mishra
Bjørnar Seim